Billettsal

Billettsal og opningstider:
Billettsal i kiosken på kulturhuset.
Opningstider tysdag - søndag kl. 17:30 – 20:00.
Elles 30 minuttar før kvar kinoførestilling og arrangement.
Måndagar er det stengt.

Billettkjøp på nett er døgnopent heile året.
Trykk på klokkeslettet for framsyninga for å komme direkte til billettkjøp!
I høgtider og sommar vil det vere andre opningtider.

Har du spørsmål om billettar som er kjøpt på nett?
Sjekk hjelpesidene til eBillett ved å trykka her.
Eller ta kontakt med post@ebillett.no eller sogndal@kulturhus.no

Usikker på om kjøpet blei gjennomført? klikk her!

Kjøpte billettar blir ikkje refundert!

Reservering av billettar:
Det er ikkje mogleg å reservera billettar til kino!
Du kan reservera billettar til arrangement i kiosken på kulturhuset.
Tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00.
Tlf. 57673300 og tast 2 for kiosken.
Hentefristen for billettar er 7 dagar.


Billettprisar på kino:
Vaksen frå kr. 110,-
Ungdom (11-15 år) frå kr. 100,-
Barn (under 11 år) frå kr.100,-
Vaksen 3D frå kr. 120,-
Barn/Ungdom 3D frå kr. 110,-
På 3D filmar får ein låne 3D-briller ved inngang. Må returnerast etter filmen.

Familiepris: På barnefilmar får vaksne i følgje med barn barnepris.
NB: På filmar med 11 års aldersgrense er det ikkje barnebillettar.
Enkelte filmar kan ha høgare pris grunna høgare leige.

Det er som regel fritt seteval på kinofilmar, utanom premierar!


Aldersgrenser:
A : Tillatt for alle
6 år: Tillatt for alle barn saman med vaksne
9 år: Adgang for barn ned til 6 år saman med vaksne
12 år: Adgang for barn ned til 9 år saman med vaksne
15 år: Adgang for unge ned til 12 år saman med vaksne
18 år: Absolutt aldersgrense. Ingen personer under 18 år har adgang
Vaksen er ein føresett eller anna myndig person i føresette sin stad.

Følgjekort:
Sogndal Kulturhus aksepterar følgjekort/ledsagerbevis på alle typar arrangement og kino.
Ved framsyning av følgjekort betalar eigaren av kortet ordinær pris, medan ledsagar får gratisbillett. Sidan det er gratisbillett kan det desverre ikkje kjøpast på nettet, men i kiosken på kulturhuset eller ved å kontakta oss på sogndal@kulturhus.no. Hugs at vedkommande som har følgjekortet ikkje treng å vera med for å kjøpa billettar, det er greit at følgje kjem innom med følgjekortet. Kan ringe å reservera billettar til arrangement (ikkje kino), hentefristen er 1 veke. Kan sende e-post til sogndal@kulturhus.no for å reservera billettar eller avtala kredittkjøp. (denne e-posten er berre bemanna kvardagar på dagtid.)

Rullestol-/handikapplassar:
Storsalen: Det er ikkje rullestolplassar i Storsalen, men det er plass til det på rad 5. Anbefalar derfor å kjøpa billettar på rad 5.
Dersom det ikkje er ledig plass på rad 5 kan ein sitte på sida av salen, då kjøper ein berre eit sete ein anna plass i salen.
Ta kontakt med oss om du har spørsmål. Me pleier å reservera seter på rad 5 til rullestol/handikapp.
Sal 2: Det er ikkje rullestolplass i denne salen, må eventuelt sette rullestolen framfor fremste rad.
Sal 3: Her er det rullestolplass, gi beskjed i kiosken så ordnar me det.

Riksteatret - Coop rabatt:
Kr. 100,- i kontantrabatt per billett på vaksenførestillingar.
Kr. 50,- i kontantrabatt på barne- og danseførestillinger
Medlemsrabatten får du ved å fremvisa Coop medlemskort i kassen i kiosken på kulturhus, eller ved å oppgi rabattkoden ved bestilling på våre nettsider. Rabattkoden finn du i ditt medlemsbrev og Min side på coop.no. Medlemsrabatt på ordinære bilettar til Riksteaterets førestillinger. Maks 4 billetter pr kunde. NB! Hugs at det er skilnad på store og små bokstavar i rabattkoden.

Kredittsal:
Større grupper, bedrifter, folk med følgjekort osv. kan få tilsendt faktura på billettane.
Fakturaen må vere betalt før billettane vert sende eller kan hentast.
Kontakt sogndal@kulturhus.nofor å gjere avtale.