Riksteatret: Bukkene Bruse lager rumpebrann

d

Bukkene Bruse vender tilbake og setter fyr på rumpa til trollet!

Bukkene Bruse lurer på kva dei skal gjere i ferien. Dei to minste vil helst til utlandet, men den største synest det blir altfor dyrt. Han vil heller på setra som dei brukte å gjere før. "Æsj," seier dei to minste. "Det treige fjellet." Den største bukken lokkar med trollet og vafler på setra, og til slutt dreg dei av garde. Men kvar er det blitt av trollet?

Ein av dei største suksessane til Riksteatret dei seinaste åra, er Bukkene Bruse på Badeland – basert på Bjørn F. Rørvik og Gro Moursund si enormt populære barnebok. No kjem oppfølgjaren, basert på andre bok i serien, Bukkene Bruse vender tilbake.

Tripp, trapp! Tripp, trapp! Dette blir ei framsyning som alle kan sjå. Og alle – kanskje bortsett frå trollet – har god grunn til å glede seg!

 

Framsyninga passar for barn frå tre år.

 

På scenen
Janne Starup Bønes, Madeleine Barosen Herholdt, Jørn Morstad, Håkon Thorstensen Nielsen, Marte Stolp og Erlend Rødal Vikhagen.

Team
Regissør: Ivar Emil Tindberg. Scenograf: Gjermund Andresen. Kostymedesigner, Dukkedesigner: Ingrid Nylander. Lyddesigner, Komponist: Peter Baden. Lysdesigner: Martin Myrvold. Produsent: Rebecca Mathisen

Produsert av Riksteatret
 

Stad: Storesalen, Sogndal Kulturhus
Dato: Tysdag 3. september 2019.
Tid: kl. 18:00

Speletid: 45 minuttar (ingen pause)

Billettprisar:
Kr. 250,-   Ordinær (Vaksen, barn, pensjonist og student)
Kr. 205,-   Familiepris (Rabatt ved kjøp av 4 eller fleire billettar samla)
Kr. 205,-   Samarbeidspartnarar (DNB, Statnett, TINE, ARK , Bokklubben, Teatervenner Norge, Kulturforbundet i Delta og Norsk bibliotekforening(Max 4 bill. pr. pers.)
Kr. 200,-   Coop-medlem (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp. Max 4 billettar pr. medlem)

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00. NB! Sommarstid opnar kiosken 30 minuttar før første film tysdag - søndag.

Har du kjøpt billett på nettet må du enten printe den ut eller du kan vise den på mobilen, me må kunne skanna QR-koden på billetten.

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 7 dagar.

Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no

Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no

Har du scenekort kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.

Har du følgjekort, kan du kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider, eller du kan ringe å reservera i same tidspunkt.
Kan også bestille billettar med følgjekort ved å sende e-post til sogndal@kulturhus.no, legg då ved bilde/kopi av følgjekortet. 
(merk at denne e-postadresse er berre administrert måndag - fredag på dagtid)