Prøysen, Snekker Andersen og julenissen

y

Måndag 10. desember kjem Victoria Productions til oss med teaterstykker Snekker Andersen og julenissen.

To framsyningar: kl. 18:00 og kl. 16:15.

I år blir det ei merkeleg og spennande julafta for snekker Andersen! På veg til vedskjulet for å ta på seg julenissedrakta, kollidera han med ei anna i julenissedrakt. Han seier han er julenissen, og kanskje dei skal bytte?
Julenissen går til snekker Andersens barn og snekker Andersen går til julenissens.

Men korleis er julenissebarn? Er dei veldig forskjellige frå vanlige barn? Og kva i all verden skal dei få til jul?
Snekker Andersen tek oppdraget!

Velkommen til ei rotnorsk juleførestilling som, i tillegg til historia om Snekker Andersen og julenissen, presentera mange av Prøysens udøyelege sangar som «Romjulsdrøm», «Musevisa», «Julekveldsvisa».

Vi garantera at julestemninga vil legga seg som eit varmt og godt teppe rundt heile familien!

Og kven veit? Kanskje alle barna får treffe julenissen etter førestillinga?

Av og med Victoria Productions

Passar for barn frå 3 år og oppover.

 

 

 

 

 

Stad: Sogndal Kulturhus, Storsalen

Dato: Måndag 10. desember

Tid: kl. 18:00 og ekstraframsyning kl. 16:15

Varigheit: Ca. 1 time.

Billettpris: kr. 265,-

Billettar kan kjøpast ved å trykka på det tidspunktet du ynskjer å sjå framsynga, rett under bildet.
Eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00.

Følgjekort? eller rullestol? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.
Eller sende e-post til sogndal@kulturhus.no

Billettar kan reserverast i inntil 7 dagar.
Ta kontakt med kiosken tlf. 57673300 på kveldstid.