Riksteatret: «Karius og Baktus» av Thorbjørn Egner

Fredag 23. november kjem Riksteatret på besøk med teaterstykket Karius og Baktus!

 

Ikkje gjer som mora di seier! :)
Gjer deg klar for besøk av to energiske små karar som tar innersvingen på både liten og stor.
Riksteatret viser den ”originale” Karius og Baktus - tru mot Thorbjørn Egner si historie og garantert godt barneteater. Thorbjørn Egner sin barneklassikar er ein del av vår moderne kulturarv, og historia om dei to rampete tanntrolla lever i beste velgåande. Forteljinga dukka opp i 1946, til fryd for mange, og til skrekk og åtvaring for dei som slurva med tannpussen.
Skremselspropaganda eller ei, Karius og Baktus har i over 70 år vist at den har livets rett, ikkje minst takka vere Thorbjørn Egner sine rike bokillustrasjonar, NRK-høyrespel og s velkjente dukkefilm.
Gap opp! :)

"En forestilling hvor alle de yngste får gjenkjennelsen, og vi voksne underholdes" VG (terningkast 5)

Ekstraframsyning kl. 16:30!

På scena:

Christine Stoesen, Linda Tørklep og Jan Huse.

Team:

Regissør: Arne Lindtner Næss.
Scenograf: Einar Dahl.
Dukkedesigner: Christine Stoesen.
Komponist: Christian Hartmann.
Produsent: Emnet Kebreab.
Produsert av Riksteatret.
Forlag: Songbird

Framsyninga passar for barn frå 3 år og oppover.

Stad: Storesalen, Sogndal Kulturhus
Dato: Fredag 23. november 2018
Tid: kl. 16:30 og 18:00
Speletid: Omlag 35 minuttar utan pause.
 

Billettprisar:

Kr. 250,-   Ordinær (Vaksen, barn, pensjonist og student)
Kr. 205,-   Familiepris (Rabatt ved kjøp av 4 eller fleire billettar samla)
Kr. 205,-   Samarbeidspartnarar (ARJ, Bokklubben, Utdanningsforb., Sjukepleiarforb., Teatervenner og DNB-tilsette. Max 4 bill. pr. pers.)
Kr. 200,-   Coop-medlem (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp. Max 4 billettar pr. medlem)

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00.

Grupperabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no

Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no

Følgjekort? eller scenekort? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.