Gåvekort

Gåve

Gi ei oppleving i gåve!

Gåvekorta våre passar til alle anledningar. Du vel sjølv prisen!
Det er eit gåvekortgebyr på kr. 5,- pr. gåvekort.

Gåvekortet kan brukast til betaling på alle kulturarrangement og kinoframsyningar på Sogndal kulturhus, samt varer i kiosken.
Det kan brukast både i kiosken og til billettkjøp på våre nettsider.

Gåvekorta kan du kjøpa i kiosken på kulturhuset, eller ved å trykka her.
Opningstider i kiosken er tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00.

Kjøper du gåvekortet på nettet avgjer du sjølv kva som skal stå på kortet, og kor stort beløp det skal innehalde. Du kan også velje blant fleire motiv. Gåvekortet kan du enten printe ut sjølv, eller videresende som e-post til den som skal motta det.

Kjøper du gåvekortet i kiosken på kulturhuset vel du også beløpet sjølv, samt at du får du eit hardplast gåvekort med gåvekortomslag og konvolutt.

Gåvekortet er gyldig i 12 månaderfrå kjøpsdatoen.

Bruk av gåvekortet:
Gåvekortet kan ein bruka i kiosken på kulturhuset eller til billettkjøp på våre nettsider.
Gåvekortet har ein PIN-kode på som kan brukast til å betale billettar med på nett, saman med gåvekortnummeret. Du kan også delbetale billettar på nett med gåvekortet, restsummen betaler du med kort eller Vipps.
Skal du bruka gåvekortet i kiosken på kulturhuset tek du med deg gåvekortet så skannar me det ved bruk.