Gå til hovedinnhold

Billettsal


 

Opningstider billettsal

Kiosken er open for billettsal tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00, måndag er det stengt.

I høgtider vil det vere andre opningtider. Sjå framsida eller Kulturhuset på Facebook.

Billettkjøp på nett er døgnopent heile året.
Trykk på klokkeslettet for framsyninga for å komme direkte til billettkjøp!

 

Har du spørsmål om billettar som er kjøpt på nett?
Ta kontakt med post@ebillett.no 

 

Reservering av billettar:

Det er ikkje mogleg å reservera billettar til kino!

Du kan reservera billettar til arrangement i kiosken på kulturhuset. (kl. 17:30 - 20:00 tysdag - søndag)

Hentefristen for billettar er vanlegvis 3 dagar.


Billettprisar på kino

Vaksen frå kr. 100,-

Ungdom (11-15 år) frå kr. 90,-

Barn (under 11 år) frå kr.80/90,-

Vaksen 3D frå kr. 120,-

Barn/Ungdom 3D frå kr. 100/110,-

På 3D filmar får ein låne 3D-briller ved inngang. Må returnerast etter filmen.
 

Familiepris: På barnefilmar får vaksne i følgje med barn barnepris.

NB: På filmar med 11 års grense er det ikkje barnebillettar.

Enkelte filmar kan ha høgare pris grunna høgare leige.

 

Det er som regel fritt seteval på kinofilmar, utanom premierar!


Aldersgrenser

A : Tillatt for alle

6 år: Tillatt for alle barn saman med vaksne

9 år: Adgang for barn ned til 6 år saman med vaksne

12 år: Adgang for barn ned til 9 år saman med vaksne

15 år: Adgang for unge ned til 12 år saman med vaksne

18 år: Absolutt aldersgrense. Ingen personer under 18 år har adgang

Vaksen er ein føresett eller anna myndig person i føresette sin stad.

 

Følgjekort

Følgjekort-ordninga kan nyttast på alle typar arrangement. Ved framsyning av følgjekort betalar eigaren av kortet ordinær pris, medan ledsagar får fribillett.

 

Riksteatret - Coop rabatt:

Kr. 100,- i kontantrabatt per billett på vaksenførestillingar. 

Kr. 50,- i kontantrabatt på barne- og danseførestillinger

Medlemsrabatten får du ved å fremvisa Coop medlemskort i kassen i kiosken på kulturhus, eller ved å oppgi rabattkoden ved bestilling på våre nettsider. Rabattkoden finn du i ditt medlemsbrev og Min side på coop.no.

Medlemsrabatt på ordinære bilettar til Riksteaterets førestillinger. Maks 4 billetter pr kunde.

NB! Hugs at det er skilnad på store og små bokstavar i rabattkoden.