Gå til hovedinnhold
t

Riksteatret: Stein i lomma - "Stones in His Pockets"


Henter programmet...

Onsdag 3. oktober kjem Riksteatret til oss med teaterstykket "Stein i lomma"!

Gjer deg klar for feelgoodkomedie basert på Stones in His Pockets med Erik Poppe i registolen og to velopplagte skodespelarar i 18 roller!

Ein Hollywood-film skal spelast inn på ein liten stad i Noreg, og til liks med ein stor del av dei lokale innbyggjarane har to rappkjefta unge menn lete seg hyre inn som statistar. Korleis reagerer det vesle lokalsamfunnet på møtet med sleipe produsentar og verdsvande divaer?

Stones in His Pockets starta som pubteater, og har sidan gått for fulle hus i Londons West End og på scener over hele verda. «Gå og se, og vær forberedt på å le og bli overveldet», skreiv pressa etter premieren. Her heime hugsar mange Nationaltheatret si oppsetting med Kåre Conradi og Øystein Røger i rollene, som var på turné med Riksteatret og blei sendt på NRK.

Med stjerneregissør Erik Poppe i registolen og Hallvard Holmen (Roy i NRKs Himmelblå) og Øystein Martinsen (Kark i NRKs Vikingane) på scenen, gjer Riksteatret Stones in His Pockets – som opprinneleg foregår i Irland – om til ei filminnspeling i Nord-Noreg. Erik Poppe har førstehandskunnskap om kva som skjer når underhaldningsindustrien rykkjer inn med heile kjempeapparatet sitt og forvandlar et inkjeanande lokalsamfunn til ein enaste stor «location». Derfor vil han også vite å ta vare på det skjøre vesle alvoret som ligg under humoren.

For til sjuande og sist er Stones in His Pockets kanskje meir aktuell enn nokonsinne. Med forteljinga om kollisjonen mellom lokal og internasjonal kultur, og om vanlege menneske si oppleving av ikkje lenger å bli sett og høyrt, grip framsyninga rett inn i dagens Noreg.

 

**** Et fantastisk stykke
-The Herald

 

«Gå og se det, og vær forberedt på å le og bli overveldet»
-Sunday Times

 

Best New Comedy
-Laurence Olivier Award

 

Best New Comedy
-Evening Standard Award

 

Stad: Storesalen, Sogndal Kulturhus

Dato: Onsdag 3. oktober

Tid: kl. 19:00

 

Speletid: Ikkje fastsatt endå

 

Billettprisar:

Kr. 420,-   Ordinær (voksen)

Kr. 340,-   Student, born under 16 år, honnør

Kr. 340,-   Gruppe (grupperabatt ved kjøp av 10 eller fleire billettar)

Kr. 340,-   Samarbeidspartnarar (ARJ, Bokklubben, Utdanningsforb., Sjukepleiarforb., Teatervenner og DNB-tilsette. Max 4 bill. pr. pers.)

Kr. 320,-   Coop-medlem (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp. Max 4 billettar pr. medlem)

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset.

 

Bedriftsrabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no

Skuleklassepris, kontakt sogndal@kulturhus.no

Følgjekort? eller scenekort? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.