Gå til hovedinnhold
s

Olav Stedje m/band


Henter programmet...

Søndag 30. september kjem Olav Stedje heim til Sogndal og held konsert i Storsalen saman med musikarar frå Lava.

”Ta meg med”, ”Vi vandrar saman”, ”E-18”, "Ein nordmann sin draum". Songane treff deg framleis midt i hjartet når du høyre dei. Og når du nynnar med ser du smilet og barten til Olav Stedje - verdas mest sjarmerande sogning.

Tru det eller ikkje, men i år er det 37 sidan Olav Stedje pakka songboka og gitaren og reiste frå barndomsheimen i Sogndal. Etter nokre år i danseband, ville Olav meir, han ville spela låtar som var skreddarsydde, han ville bli soloartist

Platedebuten kom i 1981, og med dei norske superhitane ”Ta meg med” og ”Vi vandrar saman” var han plutseleg sangstjerne og Norge sitt svar på James Taylor. Olav hadde fått til det kunststykkje å smelta saman nynorsk, flotte melodiar og amerikansk softrock! Kombinasjonen var ein suksess. Køane utanfor samfunnshus, klubbar og konsertlokaler blei lange når Olav var på plakaten

No gjekk karrieren raskt vidare med nye plater og eit tett samarbeid med produsent, gitarist og komponist Svein Dag Hauge. Stemningsfulle sangar, gode melodiar og ærlege tekstar treffte fansen gong etter gong. Alle ville ha ein bit av Olav som også vart tildelt seks sølvplater og Spellemannspris.

Men i 1990 valgde Norge si store sangstjerne beskedent nok å leggje inn nokre små kvileskjær. Med unnatak av eit nytt album i 1995 og ei samleplate i 1998, held Olav seg unna rampelyset og dei store konsertane. I 2004 var han tilbake i rampelyset igjen. Først saman med Mia Gundersen i ein hyllest til Ole Ivars, og så gjennom fleire nye kvalitets-album med populære sangar som enno kunne gleda menneskje over heile Norge.

Olav Stedje har hatt ei utruleg stayerevne. Sangglede kvalitet og ærligheit har ikkje vorte mindre med åra. Han er audmjukover eigen suksess og let seg framleis gleda over allsang og tårer når publikum vert reve med

Med 13 plateutgivelsar, eit fantastisk band i ryggen og framleis ekte, solid speleglede i bagasjen, er det no klart for ein Vestlandsturne for den populære sogningen.

 Med ”Ta meg med” og alle dei andre flotte sangane han er kjend for, kjem Olav Stedje og det 5-manns sterke bandet hans nok ein gong til å gleda både gamle og nye fans.

 

Stad: Storesalen, Sogndal Kulturhus

Dato: Søndag 30. september

Tid: kl. 19:00

 

Speletid: Omlag 1,5 time.

 

Billettpris: kr. 395,-

 

 

Billettar kan kjøpast ved å trykka her, eller i kiosken på Kulturhuset.

Følgjekort? eller rullestol? Kan kjøpa billettar på kulturhuset i kiosken sine opningtider.

Billettar kan reserverast i inntil 3 dagar. Ta kontakt med kiosken tlf. 57673300 på kveldstid.