Gå til hovedinnhold

Nils Petter Molvær


Henter programmet...

6. februar blir det konsert med Nils Petter Molvær i Blaoboxen!

6. februar 2018 gjestar sjølvaste Nils Petter Molvær Blaoboxen. Han er for tida aktuell med turne i februar 2018 og ferske plata “ Bouyancy”. Plata vart belønna med Spellemannpris for beste jazzplate 2016.

Trompetisten, komponisten og produsenten Nils Petter Molvær har dei siste 10 åra endra lyden av improvisert musikk i Europa. Molværs debutalbum "Khmer" (ECM 1998) solgte over 250.000 eksemplar på verdsbasis og etablerte Molvær som ein av de leiande stemmene til den nye europeiske jazzrørsla gjennom nittitalet og utover. I tillegg til å være ein grensesprengande trompetist, som skapar sin eigen unike sound, har han også spelt inn lydspor for ei rekke filmer, dokumentarar og skodespel. Så langt har Molvær rukke å gi ut heile ni album under eige navn.

På den nye plata Bouyancy involverar Molvær sine medmusikanter i konseptet meir enn nokon gong. Det er god heller ikkje nokon kven som helst han har med i bandet sitt: gitarhelt Geir Sundstøl (på gitarar og pedalsteel då veitt), rytmesjef Erland Dahlen på trommer og skipsklokker, og ikkje minst bassist og co-produsent av plata: Jo Berger Myhre. Det faktum Bouyancy er eit at bandalbum betyr ikkje at Molvær fornektar seg sjølv på sine poetiske soloparti underveis. Men på en fantastisk måte har han lukkast han i å brette hele bandlyden lyd inn i trompeten, slik at sjølv solopartia kjem ut som kollektive prestasjonar.

Sjå fram til det som utan tvil vert ein av dei beste konsertane i ei allreie rimeleg lang rekke av strålande konsertar i Blaoboxen. Velkommen!

 

Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus

Dato: 6. februar 2018

Dørane opnar: kl. 19:00

Konserten startar: kl. 20:00

 

Billettpris: kr. 300,-

 

NB! 18 års aldersgrense

Blaoboxen Bar vil vera open under arrangementet.

 

Billetttar får du kjøpt ved å klikka på klokkeslettet over, eller i kiosken på kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00!