Gå til hovedinnhold

Sogn og Fjordane Teater: Yogakrigen


Henter programmet...

26. september kjem Sogn og Fjordane teater med teaterstykket "Yogakrigen", og den blir framført i ein blackbox!

Pust med magen og legg att bekymringane dine utanfor døra. Du er god nok, akkurat slik som du er.

«Pokker ta ho megga som alltid kjem for seint. Og ho der med skilpaddetatoveringa, det er no vel aldri ... kona hans? Ho som står i vegen for mi lukke?».

Før møttest kvinner rundt kjøkkenbordet og snakka saman, no går dei på yoga og snakkar ikkje saman i det heile tatt. Men i tankane brølar dei. I tankane går dei til åtak på kvarandre og ikkje minst seg sjølve med sleivete kommentarar og emosjonelle molotov-cocktailar.

Tenk deg at du kan sjå begge desse parallelle røyndomane - både yogaen og krigen - skje på ein og same gong framfor deg på scena. Kva er verkeleg, og kva er draum? Kva blir sagt, og kva blir tenkt?

I dette stykket er publikum invitert inn i black-boxen i ein yogatime saman med fem damer som alle har sitt å stri med. Ei er åleinemor og lever på fattigdomsgrensa. Ho har fått gratis prøvetime og synest det heile er uvant og temmeleg rart. Ei anna har ei positiv tilnærming til det meste og er alltid på topp. Ei tredje er redd for at ho krympar og kjem til å forsvinne heilt. Ei fjerde eser utover og blir berre større og større. Ho orkar knapt å gå tur med hunden og ser nesten aldri mannen sin, som joggar heile tida. Til slutt er det yogainstruktøren. Ho har minst ro av dei alle.

Yogakrigen er ny, nynorsk dramatikk med urpremiere på Sogn og Fjordane Teater. Det er ei drøymande, assosierande framsyning innanfor rammene av ein streng disiplin. Kvinnene går på yoga for å sleppe unna kvardagen for ei stund. Men på matta er det kvardagen som står i djup strekk med musklar som dirrar under presset. Ein og annan hjernepromp slepp ufrivillig ut. Og ingenting er vel meir morosamt enn hjerneprompar og andre forsnakkingar.
 

AV Ingrid Jørgensen Dragland
REGI Audny Chris Holsen
KOREOGRAF Sigrid Edvardsson
LYSDESIGN Krystian Myska

Medverkande: Idun Losnegård Linn Løvvik Nina Woxholtt Oda K. Nyfløtt Reidun Melvær Berge

 

Stad: Sogndal Kulturhus, storesalen i ein blackbox

Dato: Onsdag 26. september 2018

Tid: Kl. 19:00

Varigheit: ca 1,5 t.


Framsyninga føregår i ein blackbox på scena, så det er fritt seteval inne i blacksboxen.

 

Billettprisar:

Vaksen:           kr. 320,-

Honnør:          kr. 270,-

Student:          kr. 120,- (studentbevis må visast)

Ungdom:         kr. 120,-  (13 - 19 år)

Gruppe 5+:     kr. 270,- (rabatt ved kjøp av 5 eller flerie billettar samla)

Gruppe 15+:   kr. 200,- (rabatt ved kjøp av 15 eller fleire billettar samla)

BOB- medlem: kr. 250,- (medlemsbevis må visast)

Teatervenner:  kr. 250,- (medlemsbevis må visast)

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.

 

Følgjekort-ordninga kan nyttast på dette arrangementet, billettar får du kun i kiosken på Sogndal Kulturhus.

Har du scenekort? då får du kjøpt billettar i kiosken på kulturhuset.

 

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 3 dagar.