Gå til hovedinnhold

Sogn og Fjordane Teater: Fysikarane


Henter programmet...

 

Tenk deg ei oppfinning som kan utslette alt livet på jorda, og så tenk deg at denne oppfinninga hamnar i hendene på den galnaste av dei alle. Heilt fjernt frå dagens verkelegheit er det kanskje ikkje...?

Fysikarne av Friedrich Dürrenmatt er ein svart komedie, skriven i 1962, under den kalde krigen. Tre fysikarar er innestengde på lukka avdeling. Den eine trur han er Einstein, den andre trur han er Newton og den tredje er overtydd om at Kong Salomon openberrar seg for han. Nei, feil! Galskapen er berre eit skalkeskjul.

Den eine fysikaren vil beskytte verda mot si eiga oppfinning og latar som om han er djupt forstyrra. Dei to andre er spionar på oppdrag for verdsmaktene, og også dei må late som om dei er utilreknelege for å få eigarskap til ei oppfinning som vil gi uendeleg makt og verdsherredømme. På scena er det totalt kaos. 5 skodespelarar går inn og ut av 12 ulike karakterar. Dei stel replikkar frå kvarandre og skiftar kostyme framfor alle. Det som utspeler seg er det glade vanvit.

Når du tar steget inn mellom dei institusjonsgrøne veggane i blackboxen, kan alt skje. Du skal ikkje føle deg for trygg. Kor tid startar teaterstykket? Når første replikk fell, eller når du stig over terskelen? Og kor stoppar det? På scenekanten? Eller er du i ferd med å bli innlagt? Eller er du ein del av kulissane?

Publikum blir utstyrt med øyreklokker som dei skal ha på under heile framsyninga. Det gjer dette til ei heilt annleis teateroppleving. Ei ulande blålyslampe, knirkande dører og utilrekneleg babling - alle lydane kryp gjennom kablar og rett inn på øyret ditt og lukkar deg inne i ditt eige, private galehus.

 

AV Friedrich Dürrenmatt
OMSETJING Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen og Reidun Melvær Berge
REGI OG VISUELT UTTRYKK Bodil Kvamme
LYSDESIGN Krystian Myska
LYD Robert Tomkiewicz Teaterforlaget Folmer Hansen


Medverkande: Idun Losnegård Kyrre Eikås Ottersen Reidun Melvær Berge Lasse Lindberg Thomas Bipin Olsen.

 

Stad: Sogndal Kulturhus, storesalen i ein blackbox

Dato: Fredag 16. februar 2018.

Tid: Kl. 19:00

Varigheit: ca 1,5 t.


Framsyninga føregår i ein blackbox på scena, så det er fritt seteval inne i blacksboxen.

 

Billettprisar:

Vaksen:           kr. 320,-

Honnør:          kr. 270,-

Student:          kr. 120,- (studentbevis må visast)

Ungdom:         kr. 120,-  (13 - 19 år)

Gruppe 5+:     kr. 270,- (rabatt ved kjøp av 5 eller flerie billettar samla)

Gruppe 15+:   kr. 200,- (rabatt ved kjøp av 15 eller fleire billettar samla)

BOB- medlem: kr. 250,- (medlemsbevis må visast)

Teatervenner:  kr. 250,- (medlemsbevis må visast)

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.

 

Følgjekort-ordninga kan nyttast på dette arrangementet, billettar får du kun i kiosken på Sogndal Kulturhus.

Har du scenekort? då får du kjøpt billettar i kiosken på kulturhuset.

 

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 3 dagar.