Gå til hovedinnhold

Dansekveld med Sogndal trekkspelklubb


Henter programmet...

Laurdag 21. oktober spelar Sogndal Trekkspelklubb opp til dans i Blaoboxen!

Den 21. oktober inviterer Sogndal trekkspelklubb til dansekveld i Blaoboxen.
Det blir allsidig dansemusikk frå gammaldans til tango, swing, og kanskje nokre populære slagerar.

Mange kjenner klubben frå den årlege Fleskadansen, og allsongkveldane på Sogn Folkemuseum.

I tillegg til trekkspel, bass og andre rytmeinstrument har klubben no fått med strykeinstrument, eit nytt og spennande innslag. Så finn fram dansesko og møt opp i Blaoboksen! Dette blir moro, og god trim.

 

Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus

Dato: Laurdag 21. oktober 2017

Tid: kl. 20:00

 

Billettpris: kr. 200,-

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00

 

Følgjekort-ordninga kan nyttast på dette arrangementet, billettar får du kun i kiosken på Sogndal Kulturhus.