Gå til hovedinnhold

Sogn og Fjordane Teater: Skomakarens draum


Henter programmet...

Ei klassisk fin dokketeaterframsyning i Blaoboxen!

Skomakaren skal til å reparere den aller siste skoen før han avsluttar arbeidsdagen. Det er ein ballettsko han skal i gang med. Brått er ikkje skoen berre ein sko lenger. Ei ballerina trer fram, og etter kvart dukkar fleire sko opp. Også dei blir til ulike figurar; ein gatemusikar, ein sirkusdirektør og andre som arbeider på sirkuset. Det oppstår spenning når sirkusdirektøren ønskjer å få ballerinaen til å opptre ved hans sirkus. Ho vil nemleg aller helst danse når gatemusikaren speler.

Dette er ei klassisk, fin figurteaterframsyning der det oppstår ulike kjensler og dramatikk - alt formidla utan ord, i eit poetisk og vakkert formspråk. Alder frå 3 år. På grunn av at framsyninga er ordlaust passar det på tvers av språk og kulturar.

Framsyninga er utvikla av Ljudmil Nikolov ved Hordaland Teater, som også spelar "Skomakaren". Saman med dokkeførar Kristian Børve, skapar dei magi. Dokketeateret er ei gjestespel frå Hordaland Teater.

 

Anbefalt for barn frå 3 år.

 

Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus

Tid: Fredag 27.10 kl. 19:00

        Laurdag 28.10 kl. 12:00 og 14:00

 

Førestillingslengde: 35 minuttar (ingen pause)

 

Det er ikkje plassbillettar til denne framsyninga.

 

Billettprisar:

Vaksne kr. 120,-

Born kr. 70,-

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00

 

Følgjekort-ordninga kan nyttast på dette arrangementet, billettar får du kun i kiosken på Sogndal Kulturhus.