Gå til hovedinnhold

Stein på Stein


Henter programmet...

Litteraturkveld i Blaoboxen!

Stein på stein

Duoen bak suksessboka Norges låver er i haust aktuell igjen med ei ny og lovande bok: Denne gongen har forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth farta Vestlandet rundt og dokumentert byggverk i stein.

Torsdag 19/10 kjem Eva Røyrane med den rykande ferske boka og gir oss ein kveld med gamal kulturarv og levande historier. Alt pakka inn i eit spennande føredrag med vakre fotografi!

Forfedrane våre har reist milelange steingardar, vakre veganlegg, små og store steinhus. Ved sjøen, på fjellet og ikkje minst i bonden sitt kulturlandskap står dei gamle murane og fortel historier. Dei fortel om levemåten den gongen då stein var ein av dei få ressursane mange bønder hadde rikeleg av. Dei fortel om slit og strev og tunge tak og om eit handverk som skapte vakre byggverk som vi i dag både beundrar og undrar oss over.

 

Stad: Sogndal Kulturhus, Blaoboxen

Tid: Torsdag 19. oktober, kl. 20.00.

Dørane opnar kl. 19:30

 

Billettpris: Kr. 100,-

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslettet øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00

 

Det er fritt seteval.

 

Blaoboxen bar vil vera open under arrangementet.

NB! Aldersgrense 18 år