Gå til hovedinnhold

«Strenger & skrot» - Erland Dahlen og Geir Sundstøl


Henter programmet...

Konsert i Blaoboxen med Duoen Strenger & Skrot!

Strenger og Skrot er ein duo beståande av trommis Erlend Dahlen og gitarist Geir Sundstøl. Geir Sundstøl er ein av landets fremste gitaristar, og han er spesielt kjent for å traktera alle typar strengeinstrument - pedal steel, banjo, dobro, bozouki osb med stor bravado. Han er ein svært ettertrakta studiomusikar, og han har til saman bidrege på over 250 norske og utanlandske utgivelsar. Med alle desse utvigelsane på baken, har Sundstøl fleire år vore den mest spelte artisten på norsk radio!

Trommis Erland Dahlen er også ein svært ettertrakta musikar. Han var lenge fast trommis for Madrugada, og han har i tillegg spelt med alt frå Odd Nordstoga og Bjørn Eidsvåg til Marit Larsen og Xploding Plastics.

I løpet av dei siste åra har begge gitt ut to plater på plateselskapet Hubro. Plata «Langen Ro» (2016) er Sundstøls oppfølger til den Spellemannsnominerte «Furulund» (2015). Lydbildet er vart og melodisk basert på Sunstøls eminente steel- og slidespel.

Spellemannsnominerte «Blossom bells» (2015) er Dahlens andre soloalbum, og musikken har blitt skildra som ”filmatisk perkusjonsmusikk”. Han er no klar med nytt album “Clocks”, som kjem ut på 1. september i år.

Det vert med andre ord mykje blodfersk musikk å oppleva i Blaoboxen denne kvelden! Konserten vil innehalde låtar fra alle platene, samt improvisert musikk.

 

Tysdag 17. oktober 2017

Dørane opnar:  kl.  20:00

Konsertstart:    kl.  21:00

 

Billettprisar:

Ordinær:           kr.  215,-

Student:            kr. 115,- 

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslettet øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00

Det er fritt seteval i Blaoboxen, ikkje plassbillettar.

 

Blaoboxen bar vil vera open under arrangementet.

NB! Aldersgrense 18 år