Gå til hovedinnhold

Erlend Apneseth Trio


Henter programmet...

Laurdag 23. september blir det sleppkonsert med Erlend Apneseth Trio i Blaoboxen!

Erlend Apneseth frå Jølster har dei siste åra tatt steget til å bli ein av dei fremste musikarane i landet. Frå sin posisjon bak hardingfela, har han dei siste åra mellom anna blitt nominert til Spellemannspris og vunne Folkelarm-prisen. I år leverte han i tillegg tingingverket Nattsongar til Førdefestivalen. Då Nattsongar kom ut på plate, trilla hovudstadsavisa Aftenposten like godt terningkast 6!

Erlend Apneseth er no attende med sin trio, flankert av ringrevane Øyvind Hegg Lunde på trommer og Stephan Meidell på gitarar. Til konserten i Blaoboxen har dei med seg eit sylferskt album i felekassen: 15. september 2017 slepper dei nemleg det nye albumet Åra, som følgjer opp spellemannsnomierte Det Andre Rommet frå 2016. Begge er gitt ut på plateselskapet Hubro. Det nye albumet tek opp tråden frå Det andre Rommet, og vidarefører klangane og melodiane som oppstår i det unike samarbeidet mellom hardingfele, gitar og trommer. Åra er spelt inn i Duper Studio i Bergen av Iver Sandøy, og mastra av sjølvaste Helge Sten a.k.a Deathprod.

I sammenheng med albumsleppet skal Erlend Apneseth Trio turnera tungt i heile Norge, og konserten i Blaboxen er ein del av turnéruta.

 

Laurdag 23. september 2017

Dørane opnar:  kl.  21:00

Konsertstart:    kl.  22:00

 

Billettprisar:

Ordinær:           kr.  215,-

Student:            kr. 115,- 

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslettet øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00

Det er fritt seteval i Blaoboxen, ikkje plassbillettar.

 

Blaoboxen bar vil vera open under arrangementet.

NB! Aldersgrense 18 år