Gå til hovedinnhold

Mozarts Requiem- konsert i Stedje kyrkje


Henter programmet...

Konsert i Stedje Kyrkje fredag 25. august 2017.

Fredag 25. august vert det ei spesiell framføring av Mozarts Requiem som konsert i Stedje kyrkje. Sjøforsvarets musikkkorps (SMK) med 30 profesjonelle musikarar vil akkompagnere eit kor sett saman av Sogndal songlag og Førde kammerkor. Konserten er en del av Lerum sitt 110 års jubileum den helga.

Mozart sin meir enn 200 år gamle musikk lever framleis gjennom sine melodiske, rytmiske og dynamiske kontrastar. Requiem er eitt av Mozart sine hovudverk for kor. Verket er ei dødsmesse der musikken vekslar mellom dramatisk uttrykk og vare klangar. Mozart arbeidde med Requiem fram til sin eigen død. Verket vart fullført av komponisten Sussmeier. Konserten vil gi rom både for det såre saknet og for gleda, men framfor alt er det ei stor musikkoppleving.

SMK er eitt av to heilprofesjonelle orkester i Bergen. Spesielt innanfor genren ny musikk har orkesteret gjort seg kjend gjennom ulike plateinnspelingar og gjennom framføring av ny musikk. I 2008 vart orkesteret kåra til Årets Utøver av Norsk Komponistforening. Musikarane i SMK held eit svært høgt fagleg nivå. Orkesteret har gjesta Sogndal ved fleire høve, men det er første gong vi får høyre dei framføre klassisk kyrkemusikk. Orkesteret har tidlegare framført Requiem i samarbeid med Bergen domkor.

Solistar er Christine Marøy, sopran, Mari Askvik, Alt, Tore Kloster, tenor og Bjørn Gisle Seter, bass. Musikalsk ansvarleg og dirigent er SMK sin musikalske leiar Bjarte Engeset.

Arrangør: Sogndal songlag i samarbeid med N.H. Lerums Saftfabrikk AS (handels- og industrimuseum)

 

Stad: Stedje Kyrkje

Dato: Fredag 25. august 2017

Tid: Kl. 21:00

Varigheit: ca. 1 time.

 

Billettprisar:

Vaksen kr. 300,-

Student kr. 200,-

Born og ungdom kr. 200,-  (Under 16 år)

 

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.

Følgjekort-ordninga kan nyttast på dette arrangementet, billettar får du kun i kiosken på Sogndal Kulturhus.

 

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 3 dagar.