Gå til hovedinnhold

Riksteatret: Gjengangere


Henter programmet...

Torsdag 26. oktober kjem Riksteatret til Sogndal kulturhus med teaterframsyninga Gjengangere!

Er det mogleg å leggje fortida bak seg?

Vi har alle så mykje vi gjerne skulle gjort annleis. Ein urett vi stelte i stand. Ein sjanse vi ikkje tok. Eit val vi ikke våga. Om ein berre kunne gjere det om! Men det er for seint. Skaden er skjedd. Vi veit det.

Vi prøver å gløyme det. Men var det alvorleg nok, vil det før eller seinare heimsøkje oss. På same måte er det med familien vi kjem frå. Den bestemmer kven vi blir. Uansett kor mykje vi prøver å fri oss frå det som generasjonar har gjort før oss. Det er dette det handlar om i Gjengangere – det kanskje aller skarpaste og samtidig mest gripande skodespelet Ibsen skreiv.

Fru Alving sende Osvald bort då han var barn. Ho ville ikkje at sonen skulle vekse opp i same huset som den lastefulle faren. Men når Osvald kjem heim etter faren sin død, blir det ikkje det frydefulle gjensynet fru Alving har sett fram til. Sonen er ulækjeleg sjuk, og han lastar seg sjølv og det glade kunstnarlivet han har levd i Paris. Men fru Alving – som aldri har fortalt nokon sanninga om mannen sin – innser desperat at årsaka er ei anna. Det er fortida som innhentar henne – og saman med den – skamma over alt ho har halde skjult og over sviket mot kjærleiken til mannen ho eigentleg elska, pastor Manders.

Fru Alving er den mest samansette og engasjerande av alle kvinnefigurane til Ibsen. Ho er også i nær slekt med Nora i Et dukkehjem, som blei skrive to år tidlegare. Men der Nora bryt opp og forlet både mann og barn, gjer fru Alving det motsette: Ho blir. Og gradvis vert ho låst stadig fastare til det livet ho har levd. Og prisen for det blir høg.

 

Med Gjertrud Jynge, Lasse Lindtner, Gunnar Eiriksson, Per Egil Aske og Madalena Sousa Helly-Hansen.

Regissør Bentein Baardson. Scenograf Bård Lie Thorbjørnsen. Kostymedesignar Ingrid Nylander. Lysdesignar Eivind Myren. Lyddesignar Nils Wingerei. Ein Riksteater-produksjon.

Av Henrik Ibsen. Regi: Bentein Baardson

 

Stad: Storesalen, Sogndal Kulturhus

Dato: Torsdag 26. oktober 2017.

Tid: kl. 19:00

Førestillingslengde: 140 min (inkl. pause på 20 min.)

 

Billettprisar:

Kr. 410,-   Ordinær

Kr. 330,-   Gruppe (grupperabatt ved kjøp av 10 eller fleire billettar.)

Kr. 330,-   Samarbeidspartnarar (ARJ, Bokklubben, Utdanningsforb., Sjukepleiarforb., Teatervenner og DNB-tilsette. Max 4 bill. pr. pers.)

Kr. 330,-    Student, honnør og barn under 16 år.

Kr. 310,-   Coop-medlem (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp. Max 4 billettar pr. medlem)

kr. 140,-    Scenekort (Kan kun kjøpast i kiosken på kulturhuset ved framvisning av scenekort.)

 

* Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00

 

Bedriftsrabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no

Skuleklassepris? Kontakt sogndal@kulturhus.no

 

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 3 dagar.
 

Følgjekort-ordninga kan nyttast på dette arrangementet, billettar får du kun i kiosken på Sogndal Kulturhus.