Gå til hovedinnhold

Sogn og Fjordane Teater: Invasjon!


Henter programmet...

Onsdag 8. november blir teaterframsyninga "Invasjon!" spela i storsalen.

Kven og kva er Abulkasem? Kva tyder dette mystiske ordet ? For nokre vener på ungdomskulen blir det til ein magisk formel som kan møte kva utfordring som helst. Eit adjektiv som skildrar det utenkjelege. Ein identitet som kan skjule kva som helst. Snart tar det av. Abulkasem er over alt. Han vert sjølve symbolet på det uangripelege, ukjente. Han kan klandrast for kva som helst. Hvis han berre kunne fangast og blitt stilt til ansvar for det. Mytene spinn og kjerna av sanning vert meir og meir utviska.

Khemiri sin karusell av ein teatertekst set kampen mellom tillit og fordømming i sving og stiller betimelege spørsmål om fryktretorikk og framandskepsis i eit multikulturelt samfunn. Hans leikande stil, der språk og identitet er i konstant rørsle, har vakt merksemd og engasjement hos eit breitt teaterpublikum i inn- og utland.

Regissør Frode Gjerløw vil ta fatt på Khemiri si fortelling med hovudet og hjartet som kompass. Saman med skodespelarane vil han leite etter individa som hamnar mellom barken og veden i eit svart-kvitt samfunn. Han spør; kor langt skal vi gå i den vestlege verda før vi ser bjelken i vårt eige auga? Det er tid for Invasjon!

 

AV Jonas Hassen Khemiri
OMSETJING Kristin Auestad Danielsen
REGI Frode Gjerløw
LYSDESIGN Krystian Myska
MEDVERKANDE: Idun Losnegård | Kadir Talabani | Reidun Melvær Berge | Stian Isaksen | Thomas Bipin Olsen

 

Stad: Sogndal Kulturhus, storesalen

Dato: Onsdag 8. november 2017.

Tid: Kl. 19:00

Varigheit: ca 1,5 t.

 

Billettprisar:

Vaksen:           kr. 320,-

Honnør:          kr. 270,-

Student:          kr. 220,- (studentbevis må visast)

Ungdom:         kr. 220,-  (13 - 19 år)

Gruppe 5+:     kr. 270,- (rabatt ved kjøp av 5 eller flerie billettar samla)

Gruppe 15+:   kr. 200,- (rabatt ved kjøp av 15 eller fleire billettar samla)

BOB- medlem: kr. 250,- (medlemsbevis må visast)

Teatervenner:  kr. 250,- (medlemsbevis må visast)

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på kulturhuset.

 

Følgjekort-ordninga kan nyttast på dette arrangementet, billettar får du kun i kiosken på Sogndal Kulturhus.

Har du scenekort? då får du kjøpt billettar i kiosken på kulturhuset.

 

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 3 dagar.