Gå til hovedinnhold

Sigrid Moldestad


Henter programmet...

Fredag 6. oktober blir det konsert med Sigrid Moldestad i storsalen!

 

“Eg vil vere her” er første smakebit frå det kommande albumet til Sigrid Moldestad som blir slept til hausten. Sangen er ein hyllest til livets evige mysterium og alle gåtene me ikkje har svar på.

“Singelen er resultatet av framtidsangsten som sette seg i kroppen i fjor haust, med alle forandringane i verdsbildet. Det har gitt meg ei stor bekymring for den verden vi skal etterlate til våre born. Eg merka at eg blei veldig oppteken av dei som står meg nærast og fekk eit endå sterkare ynskje om å holda dei i hånda og vera her for dei. Lenge..” fortel Sigrid Moldestad.

 

Den er innspelt i Studio Duper, Bergen av Yngve Sætre, som også produserar hennar kommande album, som blir slept 29 september og feirast med ein Norgesturné.

Sigrid Moldestad feirar 10 år som soloartist i år og har gitt ut 5 soloalbum inkl ei samling sangr i 2015.
 Forrige original-album “ Brevet til kjærleiken” (2014) var basert på tekstar av diktaren Jan-Magnus Bruheim og blei blant anna kåra til “Årets album” av NRK P1 ́s “Norsk på norsk”. Det nye albumet vil stort sett innehalde originalskrevet materiale frå ho sjølv, både på musikk og tekst-sida.

 

Sigrid Moldestad reiser rundt på platesleppturnè, og fredag 6. oktober kan du oppleva ho i Sogndal kulturhus.

 

Stad: Sogndal Kulturhus, storsalen

Dato: Fredag 6. oktober 2017.

Tid: Kl. 18:00

Varigheit: ca. 1,5 t.

 

Billettpris: kr. 430,-

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00
 

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 3 dagar.
 

Følgjekort-ordninga kan nyttast på dette arrangementet, billettar får du kun i kiosken på Sogndal Kulturhus.