Gå til hovedinnhold

Sogndal Filmfestival - Fagdag


Henter programmet...

Sogndal Filmfestival arrangerar fagdag, fredag 24. mars i storesalen.

24. Mars er det duka for ein spennande fagdag.

Frå og med klokka 09:00 vil det verte aktuelle foredrag utover dagen av norske filmskaparar og skodespelarar.

Dette er eit gratis tilbod.

 

09:00-10:00 Susanne Boucher om karrieren sin som skodespelar, med spesielt fokus på rollen som Helene Hansteen i TV2-suksessen Frikjent.

10:15-11:15 Filmfotograf Jakob Ingimundarson om innspelinga av Frikjent, med spesielt fokus på innspelinga i Sogn.

12:00-13:00 Journalist, filmskapar og samfunnsdebattant Erling Borgen held foredrag om viktigheita med gravande journalistikk. Han vil syne utdrag frå filmane sine, samt fortelje om korleis dei er planlagde, laga og produserte. Foredraget har tittelen ”Den viktigaste dokumentaren”.

13:15-14:15 Lokale Einar Loftesnes kjem til festivalen for å snakke om si karriere som filmskapar. Han vil prate om tidlegare prosjekt, som til dømes Villmark 2, samt aktuelle prosjekt som kinodokumentaren Astrup.