Gå til hovedinnhold

Sogn og Fjordane Teater: Privattimen


Henter programmet...

Privattimen - ei teaterframsyning av Sogn og Fjordane Teater som blir framført i ein blackbox.

Privattimen er skrive i 1951 av den rumenskfødde dramatikaren Eugène Ionesco. Samuel Becket og Ionesco blir rekna som dei viktigaste representantane for absurdteater. Ionesco kalla sjølv Privattimen for eit komisk drama. Den burleske og humørfylte einaktaren handlar om ein ung, naiv elev og ein besynderleg professor som skal hjelpe eleven til å ta «den universelle doktorgrad» på tre veker!

Stykket er skrive som eit angrep på eit undertrykkande skulesystem med totalitær lærarautoritet, spekka med overraskande innfall og overdriven, grotesk humor. Ionesco set fokus på det meiningslause ved konvensjonane våre, – kva oppdreg vi unge menneske til? Kva slags banal kunnskap er det vi tvingar på dei? Kva slags nytte vil dei ha av det håplause tankegodset og dei ubrukelege ferdigheitene vi indoktrinerer dei med? Kva brukar vi språket til, - å dominere eller frigjere?

Privattimen er eit angrep på makt, maktbruk og maktmisbruk. Eleven blir nesten hypnotisert til å uttale meiningslause banalitetar og tomme læresetningar. Det er eit intenst og tankevekkande stykke som stiller spørsmål ved meiningsløysa ved dei tillærte og undertrykkande verdiane våre. Men først og fremst blir alt fortalt i ein frekk, antikonvensjonell og frigjerande form for absurd humor. Både lærarar og elevar vil kjenne seg att!

 

AV Eugene Ionesco
OMSETJING Svein Selvig
REGI Bentein Baardson
LYSDESIGN Krystian Myska

MEDVERKANDE:
Kjersti Fjeldstad
Kyrre Eikås Ottersen
Reidun Melvær Berge

 

Stad: Sogndal Kulturhus, storesalen

Dato: Tysdag 28. mars

Tid: Kl. 19:00

Varigheit: ca 1,5 t.

 

Framsyninga foregår i ein blackbox med totalt 65 plassar, og dermed er det ikkje plassbillettar!

 

Billettprisar:

Vaksen:           kr. 300,-

Honnør:           kr. 250,-

Student:          kr. 200,- (studentbevis må visast ved inngang)

Gruppe:           kr. 200,- (rabatt ved kjøp av 5 eller flerie billettar samla)

BOB- medlem: kr. 200,-

Teatervenner:  kr. 200,- (medlemsbevis må visast ved inngnag)

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00

 

Følgjekort-ordninga kan nyttast på dette arrangementet, billettar får du kun i kiosken på Sogndal Kulturhus.