Gå til hovedinnhold

Videorevy Best of 1999 - 2016


Henter programmet...

Gjensyn med revyfilmane!

Revygjengen har rydda på kjellarloftet og har funne att gamle videosnuttar frå revyane frå 1999 - 2016. Du kan sjå att 25 revyvideoar med Tunheimen, Samen, Blottaren, Bjørnejakt i Jostedal og sjølsagt bloopers.

1. april får du gjensyn med alle desse og meir til! Geir Inge, Jan Rune og Rasmus sit på scena og syr det heile saman med historiar om korleis filmane vart til og kva som gikk gale.

Denne kvelden kan du og sjå revyfilm som aldri har vore vist før!

Møt opp, denne sjansen får aldri igjen!

 

Stad: Sogndal Kulturhus, storesalen

Dato: Laurdag 1. april

Tid: Kl. 20:00

Varigheit: ca. 1 time og 40 minutt.

 

Billettpris: 200,-

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00
 

Kan reservera billettar ved å henvende deg til kiosken på kulturhuset. Hentefristen er 3 dagar.
 

Følgjekort-ordninga kan nyttast på dette arrangementet, billettar får du kun i kiosken på Sogndal Kulturhus.