Gå til hovedinnhold

Eva Weel Skram


Henter programmet...

Aukustisk konsert med Eva & The Heartmaker i storsalen i Sogndal Kulturhus.

Eva Weel Skram utgjer sammen med Thomas Stenersen bandet Eva & The Heartmaker. Denne kvelden spelar dei som akustisk duo, noko som gir publikum ein unik sjanse til å oppleva Eva frå ei meir intim sida enn ein gjerne er vant til.

2016 blei året då karrieren til Eva verkeleg tok fart. Ho gjesta årets sesong av Hver gang vi møtes, som viste Eva i godt selskap med bl.a. Wenche Myhre, Ravi, Admiral P og Henning Kvitnes. Ho smelta dei fleste hjerter i landet med sin nydelege versjon av Henning Kvitnes’ låt «Evig Eies», og med sin fantastiske tolkning av Oscar Danielsons låt «Besvärjelse» som Eva gjorde til sin eigen under namnet «Vi lovar» frå scenen i Grieghallen under årets Gullruten.

Som om ikkje det var nok, fekk Eva sitt første barn, og midt oppi alt dette spelte ho ein drøss med konsertar over heile landet som kulminerte i ikkje berre ein, men to utselde festkveldar i Operaen i Oslo.

Eva & The Heartmaker har for lengst etablert seg som ein av Noregs mest suksessfulle popgrupper, og har ein egen evne til å produsera hits som få andre. Med ein imponerande mengde konsertar på nakken er det ingen tvil om at Eva leverar varene frå scenen. Med slåande popperler som «Mr. Tokyo», «Signals», «Gone in a flash», «Traces of you», «Joanna», «Calling You» og «Told You» som alle har dominert radiolistene, har Eva motteke vidstrakt anerkjenning frå både publikum og kritikarar.

 

Eva har ikkje tenkt å legga seg på latsida i 2017. Ho jobbar med nytt album og gledar seg til å spela for endå fleire fans, og allereie laurdag 8. april kjem ho heim til Sogndal for å halde konsert i Sogndal kulturhus.

 

God stemning er garantert!

 

 

Stad: Sogndal Kulturhus, storesalen

Dato: Laurdag 8. april

Tid: Kl. 19:00

Varigheit: ca 1,5 t.

 

Billettpris: 415,-

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00

 

Følgjekort-ordninga kan nyttast på dette arrangementet, billettar får du kun i kiosken på Sogndal Kulturhus.