Gå til hovedinnhold

Magnus Pym


Henter programmet...

Debutkonsert med Magnus Pym i Blaoboxen!

Ikkje lat deg lura av at det er 1. april! No får de høve til å oppleve ein aldri så liten debut i Blaoboxen. Magnus Pym er nemleg namnet på eit blodferskt band som består av Torkjel Solbraa (vokal og akustisk gitar), Gunnar Husabø (trommer), Torbjørn Netland (elektrisk gitar) og Edvard Mjanger (bass).

Desse fire høflege karane samla seg i øvingslokala til Bergen Kjøtt våren 2016 og byrja leite seg forsiktig fram. Med bakgrunn frå pop (The Generous Days), rock (Tyyl!), folkemusikk (Svermere) og jazz (div. konstellasjonar) var dei ikkje sikre på kva veg det musikalske møtet skulle ta. Men etter å ha trakka kvarandre skånsamt på tærne har resultatet blitt skeiv visepop, med lyttverdige og fiffige melodiar. Og med tre sogningar og ein stril på laget presenterer dei sjølvsagt eit norsk tekstunivers det er lett å kjenne seg att i.

Som dei første i heile verda får de no høve til å oppleva det musikalske resultatet: Magnus Pym i levande live i Blaoboxen laurdag 1. april . Dette vil de ikkje gå glipp av!

 

Laurdag 1. april

Dørane opnar:  kl.  21:00

Konsertstart:    kl.  22:00

Billettpris:          kr.  215,-

 

Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslettet øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00

 

Blaoboxen bar vil vera open under arrangementet.

NB! Aldersgrense 18 år