Gå til hovedinnhold

Riksteatret: Albert & Anna


Henter programmet...

Teaterframsyninga Albert & Anna er produsert av Riksteatret i samarbeid med Den Nationale Scene.

Framsyninga blir framført i storesalen i Sogndal Kulturhus, måndag 25. september!

Kjærleik gjennom livets årstider

Frode Grytten er ein av våre mest folkekjære forfattarar, og med dette stykket har han laga ei varm og vakker hyllest til livslang kjærleik. Vi kjem tett inn på Albert og Anna, to eldre menneske, som har elska kvarandre gjennom eit langt liv. Albert & Anna er historia om heilt vanlig kjærleik, den kjærleiken som ikkje blir sett av andre enn dei som deler han.

Som livspartnarar har Albert og Anna dyrka sin hage slik dei har dyrka kvarandre. Men no er Anna i ferd med å forsvinne, og når ho blir borte, er også Albert redd for å miste seg sjølv. I stykket treff dei igjen den unge Anna og den unge Albert. Humoristiske og varme tilbakeblikk skildrar samliv og samhald gjennom vekslande årstider.

Grytten fortel med dette ei sterk kjærleikshistorie. Han er elska for sine ærlige, morosame og gjenkjennelige forteljingar om vanlige menneskes uvanlige liv, og står mellom anna bak suksessane Bikubesong og Sånne som oss. Regien er ved Hildegun Riise og kjærleiken blir tonesett av Espen Leite, kjent for sin uvanlig vakre tangomusikk.

«Den enkle gleda ved å stelle i hagen saman med nokon. Den enkle gleda ved å lage kaffi til nokon. Den enkle gleda ved å halde rundt nokon. Han tenker at om han står slik lenge nok, så kjem ho tilbake.»

 

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Den Nationale Scene.

 

På scena:

Kari Simonsen, Anna Stine Robin Berg Hansen, Sverre Bentzen, Albert Kristoffer Sagmo Aalberg og Espen Leite.

 

Team:

Av Frode Grytten. Regi: Hildegun Riise. Scenografi: Åse Hegrenes. Videodesign: Åsmund Bøe. Lysdesign: kunngjøres senere. Lyddesign: kunngjøres senere.

 

Stad: Storesalen, Sogndal Kulturhus

Dato: Måndag 25. september 2017

Tid: kl. 19:00

Førestillingslengde: 140 min (inkl. pause)

 

Billettprisar:

Kr. 410,-   Ordinær

Kr. 330,-   Gruppe (grupperabatt ved kjøp av 10 eller fleire billettar.)

Kr. 330,-   Samarbeidspartnarar (ARJ, Bokklubben, Utdanningsforb., Sjukepleiarforb., Teatervenner og DNB-tilsette. Max 4 bill. pr. pers.)

Kr. 330,-    Student, honnør og barn under 16 år.

Kr. 310,-   Coop-medlem (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp. Max 4 billettar pr. medlem)

kr. 140,-    Scenekort (Kan kun kjøpast i kiosken på kulturhuset ved framvisning av scenekort.)

 

* Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00

 

Bedriftsrabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no

Skuleklassepris? Kontakt sogndal@kulturhus.no