Gå til hovedinnhold

Riksteatret: Pulverheksa og vennene hennes


Henter programmet...

Riksteatret tek med seg Pulverheksa og kjem til Sogndal!

Velkomen til ei helt ny framsyning med Maj Britt Andersen og alle vi kjenner fra Pulverskogen!

Alle gledar seg til det store ballet hos Drømmeprinsen. Men alt er ikkje som det pleier å vere i Pulverskogen. Tyven har blitt sint på Politimannen og vil ikkje vere tjuv lenger. Og Politimannen er sur på Tyven fordi han blir arbeidsledig når ikkje Tyven vil vere tjuv. Ingen av dei vil kome på ball viss den andre kjem. Og Krokodillen gruar seg til vinteren, so han lurer på om han skal flytte til Afrika.

Alt dette gjer Drømmeprinsen så trist at han ikkje vil vere draumeprins meir. Dessuten er det ein diger, skummel skikkelse som bevegar seg mellom trea og set store fotspor overalt, og som gjer alle redde. Kva er det som skjer i Pulver- skogen? Blir det ikkje fest? Alt var jo så bra i verdas finaste Pulverskog. Kanskje Pulverheksa kan hjelpe?

Velkommen til ei varm og fargerik forestilling for heile familien. Nok ein gong er det den barnekjære Spellemannpris-vinneren Maj Britt Andersen som spelar Pulverheksa – noko anna ville truleg ha ført til opprør rundt om i landets kulturhus! Og eitt er sikkert: ingen stadar er Pulverheksa meir spill levande enn i teatret! Ein spesiell velkomst til alle små og store troll som skal på teater for aller fyrste gang.

 

Pulverheksa og vennene hennes passar for barn frå 3 år og oppover.

 

Me rullar ut raud løpar når Pulverheksa kjem på besøk måndag 4. september.
Det er kjekt om de kler dykk ut!

Det blir ansiktsmåling i vestibylen på kulturhuset frå kl. 17:00.

 

På scena:

Maj Britt Andersen, Janne Starup Bønes, Jørn Morstad og Haakon Strøm.

 

Team:

Regissør: Ivar Tindberg.

Komponist: Geir Holmsen.

Scenograf: Christine Lohre.

Dukkedesigner: Grete Larssen.

Produsert av Riksteatret.

 

Stad: Storesalen, Sogndal Kulturhus

Dato: Måndag 4. september 2017

Tid: kl. 18:00

Førestillingslengde: 45 minutter (ingen pause)

 

 

Billettprisar:

Kr. 230,-   Ordinær (born, vaksne, pensjonistar og student)

Kr. 190,-   Familiepris (grupperabatt ved kjøp av 4 eller fleire billettar)

Kr. 190,-   Samarbeidspartnarar (ARJ, Bokklubben, Utdanningsforb., Sjukepleiarforb., Teatervenner og DNB-tilsette. Max 4 bill. pr. pers.)

Kr. 180,-   Coop-medlem (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp. Max 4 billettar pr. medlem)

 

* Billettar kan kjøpast her ved å klikka på klokkeslett-knappen øvst, eller i kiosken på Kulturhuset tysdag - søndag kl. 17:30 - 20:00

 

Bedriftsrabatt på meir enn 30 / 100 billettar: Kontakt sogndal@kulturhus.no